Representantforslaget om å stoppe anbudskonkurransen som er lyst ut om Fot-rutene i Norge er vedtatt med overveldende flertall i Stortinget. Dette angår blant annet flyruta mellom Røros og Oslo, der nattparkert fly på Røros er et sentralt punkt. Det er ventet at den nå tilkomme en ny utlysning, der stortingsflertallets vedtak er lagt til grunn. Dette er vedtaket som ble gjort i dag:
Stortinget ber regjeringa utarbeide eit nytt anbodsgrunnlag for kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg (FOT-ruter) som sikrar at dagens flytilbod og setekapasitet på dei ulike strekningane vert oppretthalde minst på dagens nivå, med vekt på auka kapasitet på tider med størst behov, utan ein urimeleg prisauke, og seinast innan 15. juni 2026 innby til ny konkurranse basert på dette.
Bakgrunn:
FOT-ruter utgjer ein grunnleggande infrastruktur og er ein heilt sentral del av samferdsla for store delar av landet. På stader der det øvrige kollektivtilbodet er minst utbygd, fyller kortbanenettet ein sentral funksjon i kollektivtrafikken. Flyrutene er for mange innbyggjarar ein føresetnad for bruk av helse- og utdanningstilbod og andre sentrale velferdstenester. For næringslivet er ofte dei lokale flyrutene ein føresetnad for å kunne vere lokaliserte der dei er. FOT-rutekjøpet medverkar såleis til både busetjing og verdiskaping. Relevante flyruter og god frekvens på desse rutene er ein viktig føresetnad for å kunne fylle desse funksjonane.
Regjeringa sende 23. april ut innbyding til konkurranse om drift av det regionale flytilbodet (FOT-ruter) i Sør-Noreg for 1. november 2027 til 31. oktober 2031. Her legg regjeringa opp til eit vesentleg svekt flytilbod til og frå mange lufthamner.
Eit dårlegare rutetilbod, med færre tilgjengelege sete og potensielt dårlegare rutetider, vil kunne få store negative konsekvensar for folk og næringsliv. Dagens rutetider mogleggjer dagsreiser både til og frå dei ulike lufthamnene. Det er avgjerande at dette vert vidareført i kommande anbod, i tillegg til at kapasiteten vert oppretthalden og justert til tider der behovet er størst. Samtidig med at frekvens og kapasitet er det viktigaste for folk og næringsliv i distrikta, er det også ein viktig føresetnad at billettprisane ligg på eit nivå som gjer det mogleg å nytte flytilbodet.


