Pressemelding fra Elden:
Opinion hadde i sommar ein såkalla Ringvirkningsanalyse under Elden. Dette er ein undersøkelse for å finne ut kva folk meinar om Elden, kor godt dei kjenner til stykket, og ikkje minst kva dei legg igjen av pengar i Rørossamfunnet etter å ha sett Elden. No har rapporten kommet, og det er ikkje lite som blir fordelt ut over Røros i spelperioden.
I sommar kom det 11.000 mennesker frå andre plassar i landet for å overværa Elden. 1.100 (10%) av desse svara på undersøkelsen, noko som gjer resultatet godt representativt. Halvparten av dei tilreisande var på Elden for første gong. 40 % var frå Trøndelag, medan 54 % var frå andre delar av landet.
95% av dem som kom å så Elden var Svært eller godt fornøgd med teateret, og 70% seier at dei antagelegvis kjem tilbake.
80% av dei tilreisande overnattar på Røros, og om lag 4.000 bur på hotell. I snitt et og drikk dei for 910,-kr. Desse tala varierer sjølvsagt, men 60% av gjestane har handla for over 1.500,- kr. Dette fører til at dersom vi slår saman Elden sone omsetningstall og resultatet av ringvirkningsanalysen, sørgar Elden 2025 for 50.000.000,- kr i omsetning til Røros. Dette er pengar som går til transport, hotell/resturant, daglegvare og anna salg, men også til Røde Kors, frivillige organisasjonar, idrettslag, og andre. Elden leier inn tjenester som sørger for skatteintekter på fleire hundre tusen til Oslo og Trondheim. Det syselsettast 25 profesjonelle musikkarar, skodespelarar, teknikkarar og andre scenekunstnarar.
Dagleg Leiar Jo Inge Nes seier at: :Vi er serdeles fornøgde med tala, og at dette viser kor store ringvirkningar kulturlivet kan ha. Om ein ser kor lite kultur var omtala i valgkampen, er det viktig at vi no får presantert desse tala».
Elden er no i ein evalueringsprosess, men samtidig i full gong med planlegging av Elden 2026. «Vi ser at vårt publikum er serdeles fornøgde med årets Elden», seier Nes. « Vi må også finne ut korleis deltakarane har hatt det. Vi har ca 10 større grupper som evaluerer på ulikt vis. Dette kombinerast med sosiale tiltak og planlegging fram mot 2026. Vi har store planar rundt det med matopplevingar i 2026. Dette vil vi komma tilbake til, men vi kan garantera at vi i 2026 skal presantera enda meir lokal mat og handtverk. Røros er eit av dei største merkevare-navna i Noreg, og det skal vi arbeide viare med å forsterke det», konkluderer Nes med.
Elden 2026 har premiære 22 juli, og har allereie no ei økning i billettsalget på 40% samanlikna med i fjor. «Så det kan væra lurt å sikra seg billett tidleg, for i fjor var det hundrevis som ikkje fikk tak i billett», avsluttar dagleg leiar Jo Inge Nes.


