Tine Sundoft er ny styreleder for Kulturminnefondet.

Nytt styre for Kulturminnefondet

Pressemelding fra Kulturminnefondet:

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen har utnemnt nytt styre for Kulturminnefondet.

Styret har fått slik samansetning.

• Styreleiar: Tine Sundtoft
• Nestleiar: Hanne Kristin Jakhelln

Styremedlemmar:
• Knut Aastad Braathen
• Elisabeth Sjo Jespersen
• Kjetil Reinskou

Det nye styret er utnemnt med verknad frå 27.juli 2019. 
Styret har fire års funksjonstid.

Kulturminnefondet er ei reindyrka tilskotsordning og eit lågterskeltilbod for private eigarar av verneverdige kulturminne. Sidan starten i 2002 er det gjeve støtte til 5500 restaureringsprosjekt over heile landet.

– Vi gler oss til å ta fatt på oppgåvene som ventar i Kulturminnefondet, seier styreleiar Tine Sundtoft. Ho er opptatt av å utvikla eit godt samarbeid med dei private eigarane av kulturminna, der «vern gjennom bruk» vil vere ein viktig strategi for arbeidet framover.

Kulturminnefondet er direkte underlagt Klima- og miljødepartementet. Kulturminnefondets administrasjon er lokalisert til Røros.

Kulturminnefondet. Foto: Kulturminnefondet
Facebook
Twitter
LinkedIn