Når kulturarven vår skal takast vare på, gjev det grobotn for auka aktivitet på mange område i samfunnet vårt. Av dei aller viktigaste er stor etterspørsel etter handverkarar med kunnskap om å vøla gamle bygningar.
Av Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.
Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
I Kulturminnefondet gler vi oss over at tradisjonshandverkaren no eksploderer i popularitet.
For det er stor vekst blant dei som vil ta vare på bygningar som alt er bygd. Søknadsmengda til Kulturminnefondet har aldri vore større.
Når så mykje skal setjast i stand, er handverkaren ein avgjerande faktor, som skapar lokale ringverknader, kunnskapsbygging og resultat. Dette kan vi i Kulturminnefondet slå fast etter å ha støtta over 7500 små og store istandsettingsprosjekt over heile landet.
Når styret i Kulturminnefondet skal vurdera kva søknader som skal få støtte, legg dei vekt på om det er planlagt å bruke handverkarar med lokal erfaring og kompetanse. Der arbeidsteknikkar og materialval ligg nært opp til den måten bygningen i sin tid vart oppført.
Den veksten vi har sett i økonomiske rammer til Kulturminnefondet har ført til større etterspørsel etter handverkarar. I skrivande stund pågår det fleire istandsettings-prosjekt enn nokon gong tidlegare. Dette gjer det mogleg å satse på ei framtid innanfor dei små og verneverdige faga.
Til dei som vurderer å gå i gang med eit gamalt hus vil vi i Kulturminnefondet gje eit enkelt og klårt råd:
«Ta godt vare på alle tradisjonshandverkarar som kvar einaste dag tek vare på kulturarven vår. Sats på minst mogleg utskifting, bruk kortreiste materialar og lokal kompetanse».
Dette er viktig fordi godt handverk er basert på materialval og arbeidsteknikkar som gjev lengre levetid for kulturarven vår. Dette er godt for kulturminna å bra for klimaet.
Den nye Stortingsmeldinga på kulturmiljøfeltet legg vekt på gjenbruk, ombruk og sirkulærøkonomi.
Difor er det i dag eit aukande behov for tradisjonshandverkarar som finn gode faglege løysingar når ein skal tilpasse eldre bygningar til framtidig bruk. Særleg gjeld dette for bygningar som ikkje skal stå i eit museum, men tvert i mot kunne fungere som bustad for ein småbarnsfamilie. Ombruk av eldre bygningar kan bety at ein må få på plass moderne kjøkken, etterisolering og enøk-tiltak.
Vi ser at det er ulike måtar å løyse slike behov.
Det må framfor alt skje på kulturminnets premissar.
Fortidsminneforeininga sitt arbeid med kunstnarheimen Jorderik på Lillehammer dannar ei viktig erfaringsbase framover. Å restaurera den 300 år gamle bygningen er eit betre klimaval enn å rive å bygge nytt. Dette er konklusjonen i et prosjekt om klimagassberekningar gjennomført av Innlandet fylke. Jorderik er rusta for nytt liv med innhald og aktivitet. Mange av dei faglege vurderingar som her er gjort, vil ha interesse langt utover arbeidet med Jorderik.
NTNU i Trondheim satsar på «Grensen-Lab» eit levande laboratorium for restaurering og energioppgradering av eldre bygningar.
Kulturminnefondets oppdrag er å bidra med økonomisk støtte til verneverdige kulturmiljø. Tilskota vert tildelt eit mangfaldig spekter av tiltak. Våre undersøkingar syner at 4 av 5 som har fått støtte meiner at denne støtta var heilt avgjerande for at prosjektet kom i gang.
Gamle hus som har stått ubrukt, ofte til forfall, kan setjast i stand og fylle ein funksjon i framtida. Det er bra for klima og det er bra for miljøet. Men kanskje mest av alt for oss som likar tanken på at det som ein gong vart bygd, framleis har ein verdi.