Røros søndag 4. februar 2024. Foto: Tove Østby

Millionbeløp til eigarar av freda bygg

Pressemelding fra Riksantikvaren:

Kvart år fordeler Riksantikvaren tilskot til freda bygg i privat eige til fylka og Sametinget. I år får små og store prosjekt over heile landet totalt 151,9 millionar kroner.

– Dei freda kulturminna og kulturmiljøa fortel historier om liv og utvikling i Noreg. Tilskota bidreg til at historia vår, frå kyst til fjell, vert teken vare på for framtida. Utan dei dyktige eigarane som tek vare på kulturminna, hadde vi stått i fare for å miste viktige delar av norsk kulturarv, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. 

I statsbudsjettet for 2024 får freda kulturminne i privat eige 151,9 millionar kroner. Dette inneber ei auke på 9,9 millionar frå 2023.- Tilskot skaper verdiar i form av arbeidsplassar, samhald, bevaring av kulturminne, og bidreg til utvikling av lokalsamfunn, seier riksantikvar Hanna Geiran. I tillegg bidreg dei til kompetansebygging og skapar jobbar for handverkarar i byggebransjen og andre næringar. 

15 millionar kronar av årets budsjettmidlar vart fordelte av Riksantikvaren i 2023 som tilsagn til regionalforvaltinga og Sametinget for 2024. Tilskota som fordelast over Post 71 på Statsbudsjettet går i hovudsak til istandsetting og vedlikehald av kulturminne og kulturmiljø i privat eige. Tilskota bidreg til å dekke antikvariske meirkostnader, og fjor vart det blant anna søkt om støtte til restaurering av vindauge på ein bygard på Grünerløkka i Oslo, eit nytt golv i Ulsteinvik og istandsetting av tak på eit bygg i Spydeberg. 

Fordeling i 2024
Riksantikvaren har motteke søknader frå fylka og Sametinget på til saman 266,9 millionar kroner. Dette er ei auke på over 50 millionar kroner frå 2023. Årets tildeling kan dekke 46 prosent av søknadssummen frå privatpersonar som eig freda kulturminne. 

– Nytt av året er at tilskotsordninga er prioritert for privatpersonar. Slik sett er ordninga stramma inn, seier Geiran. – Samstundes er det også ei klar prioritering at midlane berre skal gå til freda bygningar.I år er det ikkje lenger opning for at tilskota under Post 71 kan gis til kulturminne og kulturmiljø som ikkje er freda. Dette var eit unntak som no er teken ut frå statsbudsjettet. 

Fakta om tilskotsordninga

Freda kulturminne i privat eige er tilskot frå staten som skal sørgje for at meirkostnadar ved å bruke riktige metodar og materialar på freda kulturminne og kulturmiljø vert dekte. 

Eigarar kan søkje støtte til både større istandsettingsprosjekt og vedlikehald. Riksantikvaren fordeler tilskot til fylkeskommunane og Sametinget, som fordeler vidare til dei private eigarane i sitt område. I årets statsbudsjett kjem det også fram at freda kulturminne eigd av privatpersonar skal prioriterast ved fordeling av tilskot. Riksantikvaren er oppteken av at tilskotsordningane skal vere gjennomsiktige og føreseielege for alle partar. Alle forvaltningsorgana skal få tilnærma lik dekningsgrad for antikvariske meirkostnader.