Domus teaser
Først bygde vi eigne dragar og så såg vi Dragetreneren på kino på Røros. Då var det ein blid gut som vart fotografert utanfor Storstuggu etter framsyninga. Foto: Hjørdis Almelid Vikenes

Rørande Røros

RS Servicenter

Dette er et bidrag til sommerens skrivekonkurranse hos Rørosnytt hvor man har mulighet til å vinne 10.000 kroner. Send inn ditt bidrag her.

Bidraget er skrevet av Hjørdis Almelid Vikenes.

Rørande Røros

Rehab – det var ein gong ein rehab som låg fint til i historisk landskap og med tilsette som møtte dei tilreisande med faglege blikk og rause hjarta.

Moan gård – ein helsefremjande stad med leilegheiter som var rotfesta i dette med hardt arbeid og fokus på det etelege som grunnpilarar for framtida si helsebringjande utsikt.

Røros – med plass for gruvehistorikk og nybygde dragar, og kyrkja der det var så trygt å vere at den yngste i flokken sovna medan presten heldt kveldspreika.

Butikkfolket – som møtte dei tilreisande med hjelpsame og løysingsorienterte svar. Ein fekk til og med rabattar i fleire butikkar når ein var bebuar på rehaben. For ei genial ordning altså.

Fyll – ja det opplevde ikkje vi akkurat, men feilfylling fekk vi med oss på eine ferda til Bergstaden. Det å ha to bilar med to ulike motorar som treng to ulike typar drivstoff, kan ein varm sommardag gå litt skeis. MEN – fantastisk sørvis på ein bilverkstad på Røros som stilde opp også etter ordinær arbeidstid for å hjelpe ein tilreisande familie. Nett i det toget rulla avgarde og kjerringa og borna hadde sett seg tilrette i togseta, kom familiebilen vår seg på vegen att. Dermed fekk kallen ein roleg tur sørover, og i toget var det eit herleg liv.

LHL – den gongen var det LHL som dreiv rehaben på Røros og det gjorde dei på gode måtar. No er det Unicare som tek i mot dei tilreisande, og det er flott at det framleis er mogleg å komme til Trøndelag for å få gode innspel til ulike sider av livet.

Seterliv – å ta seg ein tur til seters, kan ein gjere mange stadar. Å ta seg ein tur til Dalsbygda og komme til ei seter der det var dyr og ein kunne kjøpe fersklaga ost, ja det er ikkje kvardagskost, men dessto gledelegare.

Skodespel – altså det å vere føresette til born som er på rehab, ja det er tidvis å strekkje sine eigne grensar slik at strikken slitnar og ein faktisk må dumme seg litt ut. Det var ikkje i tankane at vi foreldra skulle verte skodespelarar i løpet av familieopphaldet, men sjølv om vi øvde for lite, var det moro å visualisere litt medan vi var samla til helsefremjande arbeid. Latter – e kje det ein faktor i dette arbeidet også?

Rørande – ikkje berre var det rørande å få oppleve ulike sider av landskapet i Bergstaden, men det var også rørande å sjå dei vennskapa som vart knytta hjå dei unge og hjå oss føresette. Vi i foreldregruppa har framleis kontakt sjølv om det er mange år sidan vi var på Røros no, og dei unge finn kvarandre raskt i den digitale verda når dei vil det. 

Oppsummerande – det å verte tatt ut av si “daglegdagse tid” som familie og ha fokus på seg sjølv, er ein luksus som ofte kjem av at ein har ei helseutfordring eller to. Like fullt har det hjelpt oss fleire gongar å mimre til dei gode opplevingane vi alle hadde på ein rehab i hine hårde dagar. Det å leve i eit velferdssamfunn, kan gje oss slike goder. La oss ikkje ta godene heilt som sjølvsagde. Velferdsstaten er noko som kvar generasjon må forme og ta vare på. Røros er ein flott stad å ha rehab på.

Å vere på rehab gjev ein tid til å snakke saman, både ute i naturen og elles. Foto: Hjørdis Almelid Vikenes
Domus teaser