Pressemelding fra Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa foreslår tolv millionar kroner ekstra til arbeidet med samiske språk, mellom anna tre millionar kroner til styrking av samiske språksenter. Totalt foreslår regjeringa 1,7 milliardar kroner til ulike samiske føremål i budsjettet.
– Samiske språk og samiske institusjonar er viktig for å sikre og utvikle samisk kultur og samfunnsliv. Derfor held vi fram satsinga på språk i forslaget til statsbudsjett, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Regjeringa vidarefører òg fire millionar kroner til tiltak for samisk fjernundervisning og seks millionar til samiske læremiddel som kom inn i statsbudsjettet for 2024.
Regjeringa foreslår å løyve ni millionar kroner til å betre kvaliteten på fjernundervisninga i samisk, og til å sikre at samiske elevar har tilgang til læremiddel som er i tråd med læreplanverket.
I tillegg foreslår regjeringa at 4,1 millionar kroner går til å dekke husleige for det samiske nasjonalteateret Beaivváš i det samlokaliserte bygget Čoarvemátta, som vart opna tidlegare i år.
ajegeRegjeringa vidarefører auken på 20 millionar til Sametinget frå budsjettforliket førre år. Auken er ein del av ei positiv utvikling over fleire år.