Ingulf Galåen og Gunn Brønnum fra Galåvolden Gård. Arkivfoto. Foto: Tove Østby

Nominert til nasjonal BU-pris

Galåvolden Gård AS er nominert til den nasjonale bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2025. Galåvolden Gård som representerer Trøndelag er en av tre nominerte som skal til Berlin i midten av januar. De to andre nominerte er Brødrene Freberg DA fra Vestfold og Valdresmeieriet AS fra Innlandet.

I løpet av året har Innovasjon Noreg delt ut regionale bedriftsprisar i alle fylka. Blant vinnarane finn ein alt frå matprodusentar, slakteri, ysteri til skysslag. Felles for dei regionale vinnarane er at dei alle tek utgangspunkt i landbrukets og bygdenes ressursar.

Dei regionale vinnarane er med i konkurransen om den nasjonale prisen, som vert delt ut i samband med mat- og landbruksmessa Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2026. Dette skriver Innovasjon Norge om finalistene:

Galåvolden Gård

Galåvolden gård vert i dag driven av niande og tiande generasjon Galåen. I meir enn tjue år har dei laga lokalmat med særpreg. Produkta frå garden er tilgjengeleg over heile landet, og vert også brukt i restaurantar og andre profesjonelle kjøkken. Dei nyttar eigne råvarer, men også råvarer og biprodukt frå andre lokale matprodusentar når dei skal utvikle nye produkt. Dei har eit tosifra tal produkt som har fått utmerkinga “Spesialitet”, og dei lagar alt frå ost til kaker, is til og andre dessertar.

Brødrene Freberg

Brødrene Freberg dyrkar grøn asparges i stort volum, og er også den einaste produsenten av kvit asparges i heile Noreg. Dei er Noregs største leverandør av rosenkål og dyrkar i tillegg ei rekkje andre hagebruksvekstar. Vidare har dei utvikla merkevara Frebergs for fryste grønsaker i bitar. I dyrkinga har dei tatt i bruk nye teknologiar, som f.eks. droneteknologi for å få betre og meir presis produksjon. På denne måten har dei redusert bruken av diesel, kunstgjødsel, plantevernmiddel og arbeidstimar, samtidig som avlingane held høg kvalitet.

Valdresmeieriet

Valdresmeieriet har utvikla seg stort dei siste femten åra, og gått frå å vere eit lite gardsmeieri til eit moderne meieri med ringverknad for mange bønder. Handysta ost basert på stølsmjølk frå Valdres har blitt ei suksessoppskrift for meieriet, som har vunne mange prisar for ostane sine. Dei har vunne fleire NM-prisar, og vann også gull i Oste-VM i 2023 og 2024 for osten Bufar.