Klar for finale

Ingvild Blæsterdalen er en av finalistene i Operaen under Meisterkonserten 11. november.

Ingvild Blæsterdalen er vidare til finalen i INTRO-folk, og er med å kjempe vidare om tittelen Årets unge folkemusikar!

Laurdag 11. august gjekk siste semifinale i konkurransen INTRO-folk av stabelen på Telemarkfestivalen. Felespelaren Ingvild Blæsterdalen frå Røros, nå busett i Verdal,  og trekkspelaren Mads Erik Odde frå Nord-Gudbrandsdalen kjempa om finaleplass føre eit begeistra publikum på Bø torg.

Etter to imponerande konsertar vart det avgjort at Ingvild Blæsterdalen skal vere med vidare i konkurransen om den gjæve tittelen «Årets unge folkemusikar 2018», speleoppdrag på Riksscenen, showcase på Folkelarm 2019 og Gramo-stipendet på 100 000 kronar! Premien vert delt ut i Operaen under Meisterkonserten 11. november der vinnaren òg får spela ein slått.