Lars Emil Berge Foto: Småkraftforeninga

Grunnrenteskatt på småkraft: Arbeidarpartiet mot røkla!

Kronikk av Lars Emil Berge, styreleder i Småkraftforeninga

Regjeringa bad om innspel til forslaget om grunnrenteskatt på småkraft. Svaret vart overveldande: Nær 98 prosent av høyringssvara seier nei. Arbeidarpartiregjeringa har no fått eit krystallklart signal frå heile breidda av distrikts-Noreg.

Saka burde ha vorte avgjord før jul. Stortingsfleirtalet har alt sagt nei til regjeringa sitt forslag. Arbeidarpartiet insisterte likevel på å gjennomføra høyringa. Dei ville høyra kva folk meinte. No har dei fått svaret.

Resultata talar sitt tydelege språk:

Fire høyringssvar gir støtte til forslaget.
To innspel kan reknast som nøytrale.
226 innspel åtvara mot å innføra grunnrenteskatt på småkraft.

Engasjementet har vore stort. Innspel har kome frå grunneigarar og bønder. Frå kraftverkseigarar. Frå leverandørindustrien. Frå juridiske miljø og finansinstitusjonar. Også frå interesseorganisasjonar som Noregs Bondelag, Samfunnsbedriftene, Fornybar Norge og NHO.

Mange kommunar har òg sendt inn svar. Dei åtvara mot forslaget. Fleire av desse kommunane er styrde av Arbeidarpartiet sine eigne folk. Desse AP-ordførarane står gjerne nærare kvardagen ute i kommunane. Dei ser kva småkraft betyr for distrikta.

Med grunnrenteskatt kan mange eksisterande kraftverk få kroken på døra. Mange planlagde verk kan bli lagde bort. Det går tydeleg fram i høyringssvara.

LO går solo og overser småkrafta i distrikta

Ein av dei få som gir støtte til forslaget, er LO. Dei ser ut til å ha kjøpt finansministeren si forklaring, både når det kjem til den svakt fundamenterte frykta for skattetilpassing. òg den merkelege forståinga av småkraft som verdiar skapte på fellesskapen sine ressursar.

Sanninga er ei anna. Det blir bygd få kraftverk like under skattegrensa, og dei få som gjer det, gjer det med samtykke frå NVE. Småkraft blir ikkje drive på fellesskapet sine ressursar, men på privat eigedomsrett. Det er på same måten som skogbruk og landbruk.

Thema Consulting laga i fjor haust ein rapport som viser samfunnsnytta av småkraft. Der viser dei korleis arbeidsplassar, kommuneøkonomi, energiproduksjon og verdiskaping i distrikts Noreg kan få eit løft dersom regjeringa spela på lag med næringa.

Det ligg moglegheiter for 16 000 årsverk fram mot 2040. Verdiskapinga er estimert til 27 milliardar. Det meste kan hamna i distrikta. Med grunnrenteskatt kan utviklinga bli stikk motsett. Tala kan bli reduserte til langt under halvparten.

Me i Småkraftforeininga er overraska. LO ser i liten grad kor øydeleggjande dette kan bli for arbeidsfolk i distrikta.

Kvar skal straumen koma frå?

Sentralmakta i Arbeidarpartiet er oppteken av å hindra tilpassingar og nedskaleringar. Men dette kan dei alt hindra med dagens regelverk. Det kan gjerast gjennom konsesjonsbehandlinga i NVE.

Me i Småkraftforeininga ser få spor av slik tilpassing når me går gjennom det som er bygd dei siste åra. Dersom det likevel har skjedd, har det ikkje skjedd utan at styresmaktene og NVE har akseptert det.

Kvifor ikkje heller fokusera på å sikra nok kraftproduksjon? Vindkraft på land mangla ofte lokal aksept. Havvind er dyrt og tek lang tid. Det same gjeld kjernekraft.

Småkraft kan byggjast no. Naturinngrepa per produserte straumeining er ofte lågare enn både solparkar og vindkraft. Dei siste åra har småkraftnæringa vore blant dei få som faktisk har bygd ut meir fornybar energi i Noreg.

Kvar skal straumen koma frå dei neste åra, dersom styresmaktene òg vil gjera det vanskeleg for småkrafta? Arbeidarpartiet kan ikkje snakka om billegare straum til industrien, og samstundes jubla for ein skatt som kveler det vesle som er att av utbygging. Det same gjeld LO.

Vårt råd er enkelt

Lytt til dykkar eigne ordførarar. Lytt til fagmiljøa. Lytt til finans og leverandørar som ser rekneskapen frå innsida. Og lytt til dei 226 som seier det same: Hald grensa på 10 000 kVA fast.

Høyringsrunden har gitt Arbeidarpartiet alle svara dei treng, og no kan dei leggja ballen om grunnrenteskatt på småkraft død, ein gong for alle.