Pressemelding fra Elden:
Elden på Røros hadde i helga første leseprøve. Dette er første fysiske møte mellom regissør Tomas Glans, Musikalsk leiar Øyvind Jo Heimdal og alle aktørane i Elden. Elden har 23 juli nypremiære på stykket som hadde sin spede start i 1980. Kvart tredje år er det nye musikarar, skodespelarar og kunstnarisk team som møter Røros-samfunnet. Manus blir bearbeida, musikk arrangert på nytt og i år skal det sceniske bli heilt nytt i tillegg. Vi kjem tilbake med pressemelding om Scenografien seinare. Men at det blir eit nytt og spanade stykke i år er det ingen tvil om.
Glans og Heimdal seier begge at dei er særs fornøgde med helgas prøver. Det er i år nokre fantastiske songarar, som publikum kan gleda seg til å oppleve. Sanne Kvitnes, som i år har rollen som General De La Barre, er kjent som ein av landets mest ettertrakta musikalstjerner. Sist så vi ho i hovedrollen som den grønne heksa i “Wicked” på folketeatret.
Mange vil kanskje seie at det å ha ei kvinne i rollen som general på starten av 1700-tallet er merkeleg, men Kvitnes seier at det slett ikkje var uvanleg med kvinner som soldatar. Og spesielt var det vanleg i Sverige. Kvitnes har i helge hatt ridetimar på Røros i tillegg, og seier ho gler seg til å komma til Røros og entre podiet med hest i sommar.
På leseprøven var også nestor og elden-legenden Arnfinn Strømmevold, og han var over seg av begeistring. “Så mykje bra folk, da blir den gamle musikken min ny igjen”, humra Arnfinn.
Ny dagleg leiar Jo Inge Nes har også delteke på prøvane, og er overbegeistra. “Eg kom med flyttelass på tirsdag, og så var det rett inn i første prøvehelg…hærleg”, seier den nyinnflytta Nordmøringen. Nes seier at han gler seg til å bli kjent med Elden, Røros, folket, kulturen, naturen og alt området har å by på.