Pressemelding fra Elden:
Musikkspelet Elden har i løpet av 30 år utvikla seg til å bli ein bauta i Norsk teater- og
spelsamanheng. Det er spel som settast opp overalt i Noreg, men få kan måle seg med
Elden på Røros. I 2025 settes Elden opp i ny drakt, men ny Regissør, nytt kunstnarisk
team, nytt orkester med nye arrangement osv. Det jobbast iherdig med ny scenografi,
og kostymeavdelinga har jobba lenge allereie. 450-500 personar trengs kvart år for å
sette opp dette fantastiske spelet om da kong Karl 12 av Sverige prøvde å ta Noreg i
1718-19, og Karolinarane sin katastrofale mars tilbake over Tydalsfjella som endte i
enorme menneskelege tap.
Ny dagleg leiar Jo Inge Nes og produsent Monika Goodwine ønsker no å samle gamle og
nye deltakarar. Dei treng skodespelarar/ aktører på scena, folk til vakthald, salgsboder,
matservering, parkering og mange andre funksjonar. Så Goodwine oppfordrar alle med
tilknytning til Røros til å melde seg på via heimesia til Elden. “Elden er eit fantastisk
dugnadsløft, og saman skapar vi ei forestilling det ikkje finst makan til i Noreg. Elden er
eit varemerke i regionen” seier ho.
“Vi gler oss til å vise fram plana for 2025, med ny scenografi og design”, seier dagleg
leiar Jo Inge Nes. “Elden har ein modell som eg ikkje har jobba med før, sidan dei kvart
tredje år skifter produksjon”, seier Nes. Han har jobba med Lady Arbuthnott på
Sunndalsløra, som også har like langs fartstid som Elden. “Det at det lagast nærmast
ein ny produksjon kvart 3 år er spennande. Litt meir tidskrevande det første året, men
bra for publikum. Maren Bjørseth hadde regi dei siste tre åra, og det var særs vellykka”,
seier Nes. No er det Tomas Glans som skal forme den nye versjonen. “Vi har store
forventingar”, seier Nes og Goodwine.
“Så no håpar vi at mange vil bli med å skape Elden 2025. Enten via nettsida
https://elden-roros.no/, eller direkte til oss”, seier Monika Goodwine. Du kan også
stikke oppom kontoret i Trevarefabrikken eller generelt ta kontakt.