+ Avgiftskutt foreslått

Samferdselsminister Jon Georg Dale ønsker å styrke konkurransekraften til norsk luftfart og bedre lønnsomheten for kommersielle flyruter i distriktene. Dette vil kunne ha innvirkning på flyruta mellom Røros og Oslo.

Landbruksminister Jon Georg Dale. Foto: Kjetil Reinskou

– Eg er opptatt av å styrke den allmenne konkurransekrafta til norsk luftfart og betre lønsemda for kommersielle flyruter i distrikta. Difor vil eg foreslå å endre dei avgiftene flyselskapa betaler for tenester frå Avinor.  Samanlikna med mange andre land i Europa lar vi flyplassane i Noreg bere ein større del av kostnadane knytt til flysikringstenestene, særleg dei såkalla innflygingstenestene. Eg vil foreslå å flytte nokre av desse kostnadane, slik at dei flya som berre flyg gjennom det norske luftrommet må dekke ein del som er meir lik det dei møter i andre land. Det vil styrke norsk luftfart. Med dette er vi i gang med gjennomføring av Jeløya-plattforma sin ambisjon om å restrukturere luftfartsavgiftene for å sikre auka konkurransekraft, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsdepartementet vil sende forslaga til endring av avgiftene på høyring i løpet av januar, står det i en pressemelding fra Samferdselsdepartementet. Departementet vil også foreslå avgiftsendringar som styrker grunnlaget for dei kommersielle distriktsrutene.

– Eg vil foreslå å innføre fritak frå plikta til å betale for inntil 6 tonn av den vektbaserte startavgifta. Dette vil styrke konkurransekrafta til dei lettare flya som operere dagens distriktsruter. Dette forslaget vil styrke grunnlaget for kommersielle flygingar i distrikta, seier Dale.

I høyringsforslaget vil Samferdselsdepartementet høyre eit alternativ med fritak for 3 tonn og eit forslag med fritak for 6 tonn. Fritak frå startavgifta tek departementet sikte på å innføre så raskt som råd. Flytting av flysikringskostnadene er mest naturleg å gjennomføre frå 1. januar 2020 – då tredje referanseperiode av det felleseuropeiske systemet for effektivisering av flysikringstenestene trer i kraft.

Facebook
Twitter
LinkedIn