Ny Kalle i Elden


Elden er glade for å kunngjera at vi no har sikra oss den svenske skodespelaren Timothy Fogelberg til å spela «Kalle» i 2026-oppsetninga av Elden. Fogelberg er bredt utdanna i Sverige, og arbeider for tida på Göteborgsoperan med «Miss Saigon» Han kjem frå ei stor familie, og vaks opp i Höön i Skåne. Tross den store familien, er han den einaste som ikkje er tonedøv. Dette er hans egne ord, og vi på Elden er da glade for at det er nettopp han som skal ha rollen som den litt usikre Kalle, som blir kalt ut i «Den Stora Nordiska Kriget», langt fra sin kjærest som ventar deira første born.

Timothy seier sjølv at han ikkje har sett Elden, men har hørt mye om stykket. Så han gler seg til å komma til Røros i sommar. Han betrakter seg som eit friluftsmenneske, og håpar han og hans familie får fine turar i fjellet, og bading i elv og vatn.

Han spiller som nevnt i Miss Saigon for tida, og der har han rollen som Chris. «Rollen som Chris og Kalle er ikkje ulike», seier ha. «Men eg vil prøva å skapa ein karakter så godt eg kan». 

Daglig leder i Elden, Jo Inge Nes, har store forventninger til den nye hovedrolleinnehaveren.

https://youtu.be/huJoXf4x8fA