Gradstokken på Røros dirrar og kryp ned mot 30 minus, og kanskje meir no i januar. Det har så absolutt sin sjarm, men vi drøymer også litt mot sommar, sol og Elden. 20 % av billettene til Elden er no solgt, noko som vi er serdeles fornøgd med, og restaurant «Slagg» opplever det beste salget nokon sinne.
I dag har Elden signert avtale med skodespelar Sigurd Myhre, som skal bli den nye «Bergverksdirektør Bergmann». Bergmann hadde ein sentral rolle på Røros, og var eit bindeledd mellom arbeidarane og eigarane. Så rollenfiguren var ein populær mann i samfunnet her, som havna i ein vanskeleg situasjon da General de la Barre kom for å konfiskere kopperet og andre verdiar.
Sigurd Myhre har lang fartstid, og har jobba mykje både på teater og film. Bla anna har du kanskje sett ham i «Unge lovende» på NRK eller «Kielergata» på TV2. Han har hatt rollar både på Nationalteatret, Det Norske Teatret og på Kilden i Kristiansand, for å nevne nokre. Han er opprinneleg frå Jar, men i oppveksten flytta familien mykje, så han bodde både i Boston, Hong Kong og Dubai. Så han er godt rusta for å bu på Røros i ein månad på sommaren.
Myhre seier han er spent på korleis hans tolkning av Bergmann skal bli. Det er ikkje gitt at han er ein medfølende og empatisk mann, men vi får sjå. «Kanskje ei dose verkelegheit kan rokke ved hans grunnvoller» seier Myhre.
Myhre har ikkje sett Elden enno, men er spent på korleis stykket og produksjonen er. Han er ikkje ukjent med Røros, for hans svigerforeldre bur her, så han har ofte vandra i gata eller i fjellet. «Eg håpar på nokre fine turar opp til Fjellkirka og ein god bolle på Trygstad», ler Myhre.
Sigurd Myhre bli altså å sjå på premieren 22 juli på Slegghaugan. På spørsmål til slutt om han har noko å tilføye, seier Myhre; «Ein fun fact om meg er at eg under Corona kjeda meg, og bestemte meg for å bruke trappa i huset til å simulere ein tur til Galdhøpiggen. Resultatet var at eg nesten ikkje klarte å gå på ei veke etterpå». Så det er ikkje noko å seie på innsatsen. Og blir sommaren like varm og intens som i 2025, vil det trengs.






