Friluftsliv skal vere for alle. Frå 2026 får Foreningen Stolpejakten to millionar kroner i årleg driftstilskot frå regjeringa.
– Stolpejakten er eit lågterskeltilbod som gjer det lett å kome seg ut i nærmiljøet. Det bidreg til at fleire finn glede i friluftsliv og fysisk aktivitet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Stolpejakten har vorte ein populær aktivitet. Poenget er å finne og registrere stolpar som er plasserte rundt i lokalsamfunnet, til fots, på sykkel eller med rullestol. Aktiviteten passar for alle, uansett alder eller funksjonsevne.
– Mange som tidlegare var lite aktive, har fått betre helse og større sosialt fellesskap gjennom Stolpejakten. Difor vil vi sikre stabil drift og vidare utvikling, slik at endå fleire kan bli med, seier statsråden.
Med slik driftsstøtte legg regjeringa til rette for at friluftslivet skal vere nært, enkelt og tilgjengeleg for alle.