SVs landsstyre vil ha mer fokus på naturvern og styrke samisk kultur. Foto: Trøndelag SV

SVs landsstyre: Naturen treng eit sterkare vern mot vindkraftutbygging

Det har vore ei rask utbygging av vindkraft på land dei siste åra. I løpet av ein kort periode er det gitt 88 konsesjonar. Mange av sakene er konfliktfylte utbyggingar der verken naturen eller lokaldemokratiet blir tatt omsyn til. SVs landsstyre har vedtatt en uttalelse som tar til orde for sterkere vern av naturen mot vindkraftutbygging.

Vedteke av SVs landsstyre 7. juni 2020. 

Arealendringar er den viktigaste årsaka til tap av naturmangfald. Å ta vare på naturen og økosystema er dessutan svært viktig for lagring og opptak av karbon. Dette understrekar at arealendringar må bli tatt på langt større alvor enn i dag. 

Måten vindkraftutbygginga skjer på, er uakseptabel. Vindturbinar blir mange stader sett opp sjølv om dei folkevalde i kommunen ikkje ynskjer det. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Olje- og energidepartementet (OED) tillet bygging av vindkraftanlegg sjølv om det er gjort feil i saksgangen, krev ikkje konsekvensutgreiing av store endringar, og tillet bygging samtidig med at behandling av dispensasjonssøknader, endeleg godkjenning eller rettssaker er i gang. Slik kan det ikkje fortsetje.

SV krev at regjeringa raskt går gjennom konsesjonane som er gitt men enno ikkje påbyrja, for å finne ut om nokre av desse er gitt på feil grunnlag. Det kan vere at det i ettertid er avdekka manglar i utgreiinga, eller at det har kome til ny og viktig kunnskap om naturen i området. SV krev at utbygginga blir stoppa i alle saker der konsesjon kan vere gitt på ukorrekt eller mangelfullt grunnlag. 

I rundt 20 av dei 88 konsesjonane som er gitt, er bygginga ikkje sett i gang, eller nyleg satt i gang. Ny kunnskap om negative effektar har kome til, og mange av prosjekta har blitt sterkt endra sidan konsesjonen blei gitt. SV stør den lokale motstanden mot desse prosjekta. I alle prosjekt som ikkje er sett i gang må det lagast ny konsekvensutgreiing. 

SV har klare krav til eit nytt konsesjonssystem. Regjeringa har varsla ei stortingsmelding om nytt konsesjonssystem for vindkraft på land. Det eksisterande konsesjonssystemet har lagt lite vekt på dei miljøfaglege vurderingane og lokal kompensasjon for naturinngrep. Miljødirektoratet kom allereie i 2015 med sterk kritikk av saksbehandlinga til NVE. Ei anna klar svakheit ved det gjeldande systemet er at vindkraftanlegg på land er unnateke krava om arealplanlegging i plan- og bygningslova, og dermed overkøyrer kommunale arealplanvedtak. Eit nytt konsesjonssystem må tilfredsstille grunnleggande omsyn til miljø og demokrati. 

I § 108 i Grunnlova står det: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.» SV meiner difor at styresmaktene sine vindkraftplanar i dei samiske områda er ei overkøyring av det samiske urfolket. Reindrifta treng store beiteareal, og reinen trekkjer mellom kyst og innland etter årstidene. 

SV krev at 
– vindkraftutbygging blir underlagt vanlege kommunale prosessar for arealplanlegging etter plan- og bygningslova. Dette vil sikre innbyggarane moglegheit for påverknad og legge til rette for ryddige prosessar der arealavklaringar blir gjort før eventuell konsesjon blir gitt. 

– innbyggarar og interesseorganisasjonar skal bli varsla når sondering mellom kommunen og utbyggar startar opp, og at formelle prosessar då blir sett i gang. 

– ingen nye utbyggingar av vindkraft skal skje i villmarksprega områder, eller på ein slik måte at utbygginga truar utsette naturtypar eller naturmangfaldet. 

– det må bli lagt stor vekt på naturmangfaldet. Naturmangfaldslova må bli lagt til grunn, og miljøforvaltninga må få ei sentral og formalisert rolle. Føre-var-prinsippet skal følgast: Det må ikkje bli gitt konsesjonar i område dersom kunnskapen om naturen ikkje er god nok. 

– konsekvensane for naturleg karbonlagring må inngå i vurderinga av vindkraftanlegg. 

– urfolk sine tradisjonelle næringar må bli gitt eit mykje sterkare vern i prosessane rundt vindkraftutbygging. Representantar for samisk tamreindrift må bli konsultert i framkant når det blir føreslått inngrep som kan påverke drifta deira, det skal arbeidast saman med urfolkets representantar for å unngå at eventuelle vindkraftplaner skadar næringa, og tiltak som påfører næringa skade skal ikkje setjast i verk med mindre dei næringsutøvarane som lir skade av utbygginga gir sitt informerte samtykke. 

– all konsesjonsbehandling av vindkraftutbygging i samiske område må utsetjast inntil rettssituasjonen rundt land og vatn er betre avklart, gjennom behandling av Samerettsutvalget 2. 

– det ikkje blir planlagt nye vindkraftutbyggingar i landområde med sørsamisk tamreindrift. Sørsamisk språk og kultur, som er spesielt sterkt knytt til reindrifta, er kritisk trua og treng eit spesielt vern. 

– det blir stilt strengare krav til innhaldet i konsekvensutgreiingar. Mellom anna må det krevjast klimarekneskap, og det må stillast krav til utgreiingskompetanse og metodar. 

– at energilova blir endra slik at det går klart fram at det kan stillast nye vilkår der det kjem ny kunnskap om negative miljøverknader etter at konsesjon er gitt. 

– det blir stilt strengare krav til eventuell forlenging av tidsfrist for igangsetting. 

– kostnader ved miljø- og naturforringing skal berast av utbyggar. Ved nedlegging må konsesjonsinnehavar fjerne anlegget og føre landskapet tilbake til naturleg tilstand så langt som det er mogleg. 

– sørge for at det blir kravd anleggsbidrag frå dei som utløyser behovet for nye kraftlinjer. 

– støyregelverket må bli endra. Det må vere ei lågare grense for akseptabelt støynivå frå all aktivitet, og det skal ikkje målast som årlege gjennomsnitt, men i kortare tidsintervall. Støymålingar må gjentakast gjennom verksemda si levetid. SV vil også arbeide for at framtidige utbyggingar blir gjort på måtar som er til nytte for, og ikkje skade for, norsk arbeids- og næringsliv. Det må leggast til rette for nærings- og industriutvikling og stillast seriøsitetskrav for å sikre akseptable arbeidsvilkår, særleg i anleggsfasen.