16 år gamle Eine får hovudrolle i Elden – regissøren endrar rollebesetninga for å satse på ungt talent
Når Elden blir sett opp på Røros i 2027, får 16 år gamle Eine Grøtte Fosshaug rolla som Kalle. Regissør Tomas Adrian Glans har valt å flytte rolla frå ein profesjonell skodespelar til eit ungt amatørtalent, og meiner alderen hans kan tilføre historia noko heilt spesielt.
– Noko av det fine med Elden er møtet mellom profesjonelle skodespelarar og amatørar. Då vi oppdaga Eine, vart eg så imponert over talentet hans at eg fekk lyst til å gjere eit grep i rollebesetninga. Når vi finn eit så godt ungt talent, synest eg vi skal tore å satse på han, seier regissør Tomas Adrian Glans.
Nesten på same alder som karakteren
Kalle er ein 17 år gammal gut som blir kalla inn til krigsteneste under Kong Karl den 12 sitt felttog i 1718. Han står på terskelen til vaksenlivet, med kjærleik og framtidsplanar, når krigen grip inn.
– Det som er spesielt med å la Eine spele Kalle, er at han faktisk er nesten på same alder som karakteren. Mange av gutane som vart sende ut i krigen, var svært unge. Eg trur Eine kan tilføre rolla ein intensitet og eit truverde nettopp på grunn av alderen sin. Eg håpar vi kan få fram møtet mellom ein ung gut og brutaliteten i ein krig.
Har allereie erfaring frå musikalscenen
Trass i den unge alderen sin har Eine Grøtte Fosshaug allereie erfaring frå musikalproduksjonar i Trondheim. Han har mellom anna spelt Peter Pan i «Peter Pan» og Rajan i «Romi og Julie» hos Musikalfabrikken. 6. desember blir han å sjå i Storstuggu på Røros, i forestillinga «Jul i svingen» saman med bl.a. Emma Goodwine, som også er frå Røros og Elden.
No ventar ei av dei sentrale rollene i Elden, der han skal stå på scenen saman med både profesjonelle skodespelarar og eit stort amatørensemble.
– "Eine har eit stort musikalsk talent, og eg gler meg veldig til å jobbe med han. Det er òg noko av det eg synest er viktig med Elden. Vi skal ikkje berre bruke dei talenta som allereie finst, men òg vere med på å utvikle nye", seier Glans.
Fleire endringar
Det vil bli ein del mindre rokeringas i ansamblet i 2027. Bla.a vil det bli ny enkefru Hjort, General de la Barre og ny Niklas. Desse vil bli besatt utover vinteren. Også enkefru Hjort vil bli ny i 2027. Liv Bye gir stafettpinne viare, og enkefrua vil i 2027 væra ny også.
Vil gi unge talent moglegheita
Elden har gjennom mange år vore ein arena der profesjonelle og amatørar spelar side om side. Dagleg leiar Jo Inge Nes meiner det er viktig at framsyninga òg gir unge utøvarar moglegheita til å ta større ansvar.
– "Det er ganske fantastisk at vi har så gode unge talent i regionen. Eg synest vi skal vere stolte av det. Og når vi finn nokon som Eine, som har både talentet og føresetnadene, skal vi tore å gi han ei så stor rolle", seier Jo Inge Nes, dagleg leiar i Elden. « I 2026 valgte vi å gi Christoffer Bratseth, ein skodespelar frå eigne rekker, rollen som Håkan Modig. Alle som så Elden i sommar så at dette var eit godt valg. No blir også hans kompis Kalle traktert av ein amatør frå Trøndelag. Vi gler oss til å vise fram Eine til publikum"
Elden blir spelt pp Slegghaugan, Røros i juli 2027.
