Prisen skal heidre personar, bedrifter og organisasjonar som har gjort ein særleg innsats for å ta vare på kulturminne gjennom aktiv bruk.

– Vi ønskjer å heidre dei som ikkje berre tek vare på historia, men som også gjev henne ei framtid. Kulturminne som blir brukte, skaper aktivitet, identitet og verdiar i lokalsamfunna våre, seier Pia Wigtil, direktør i Kulturminnefondet.

Vinnaren får 300 000 kroner og blir invitert til Røroskonferansen 2.–3. mars 2027.

– Vi veit at det finst mange gode prosjekt rundt om i landet. No håpar vi folk vil hjelpe oss med å finne dei som fortener denne nasjonale heideren, seier Wigtil.

Forslag kan sendast inn via kulturminnefondet.no. Fristen er 31.12.2026.