Rikholdig kulturprogram under Landskappleiken

Under årets Landskappleik blir det gjensyn med "Heggeligubbens siste polsdans". Foto: Tove Østby

Neste uke startet Landskappleiken på Røros. Her er ei pressemelding fra FolkOrg og Landskappleiken:

Påmelding til kappleik

I år er det godt og vel 1200 av Norges fremste folkemusikarar og -dansarar som skal tevle på Røros 5.-9. Juli, i alt vert dette over 400 startnummer! Landskappleiken har dei siste åra hatt eit stabilt høgt deltakartal som har auka jamt. Sjølv om det ikkje er like mange deltakarar på årets Landskappleik, som det var vore i dei siste åra, får ein også under årets arrangement oppleve folkemusikk og folkedans frå heile landet.

-Det spesielt gledeleg at det i juniorklassane er god deltaking i dei fleste klassane, slik det også har vore i åra før. Det er i tillegg ekstra artig med klassa Vokal B som har heile 26 deltakarar, seier Ingrid Schei Stuhaug, kappleiksrådgjevar i FolkOrg.

Kongepokal i dans hardingfele kl. A

Ekstra gjev vert kanskje A-klassa (eliteklassa) i dans hardingfele, sidan kongepokaen er sett opp i denne klassa i år. Det er åtte år sidan sist det vart tevla om kongepokal i dans hardingfele, og i år er det 22 dansepar som har meldt seg på for å kjempe om den gjeve pokalen. Finala går av stabelen laurdag kveld under Landskappleiken og det vil då bli avgjort kven som tek med seg pokalen heim til odel og eige. Kven vinnaren er får vi vete på Meisterkonserten sundag.

Her kan de sjå kven som skal delta på Landskappleiken:
http://startliste.folkorg.no/klasser/?kid=19

Spennande program

I tillegg til det vanlege kappleiksprogrammet blir det og eit rikhaldig kulturprogram desse dagane på Røros. Det blir både plåteslepp med Ole Nilssen og Dalakopa, konsertar og fem kinoframsyningar av filmen ”Kvar song ei soge” av Aaslaug Vaa. Konsertane på kappleiken vil vera med lokalt innhald. ”Heggeligubbens siste polsdans” er ei framsyning der ein får høyre om ein eldre mann som minner sin ungdom der han opplevde kjærleik, vald, sjalusi, glede og sorg – ei framsyning fylt med dans og musikk frå Rørostraktene. Framsyninga vart laga som eit bestillingsverk til Røros Folk Festival 2016 av John Ole Morken.

Nyhus er eit kjent folkemusikknamn i Røros-traktene, og på konserten ”Nyhus & Nyhus på Vintervollen” får vi møte Sven Nyhus og dottera Åshild. Her får Åshild, som dagleg jobbar som fiolinist i Oslo Filharmoniske Orkester, bli med inn i Rørospolsens mekka saman med sin far.

Den eldste festivalen i Norge

Landskappleiken er det største arrangementet på folkemusikkfeltet, og den eldste festivalen i Noreg. I tillegg til over 1200 aktive musikarar og dansarar, kjem kring 3000 tilreisande til denne årlege storhendinga. Landskappleiken vart arrangert for fyrste gong i Bergen, i 1896.

 – Dette er den store hendinga for folkemusikk og folkedans i Noreg, der mangfaldet ein finn innanfor denne sjangeren i Noreg vert vist fram. Kvart distrikt har sine unike musikalske dialektar, tradisjonar og historier. På Landskappleiken får ein presentert heile denne breidda. Deltakarar og interesserte frå heile landet er samla, og du får oppleve utøvarar på alle nivå og i alle aldrar, seier Ingrid Schei Stuhaug. Røros har også vist seg å vere svært stabile arrangørar av Landskappleiken og det er stas kvar gong arrangementet vender attende hit. Då veit ein at det blir bra, avsluttar Stuhaug.