Kven skal få kulturlandskapsprisen for 2019?

Fylkesmannens landbruksavdeling skal dele ut «Kulturlandskapspris 2019». Prisen skal tildelast den eller dei som gjer ein ekstra innsats for jordbrukets kulturlandskap i Trøndelag. Foto: Bjørn H. Stuedal

Fylkesmannens landbruksavdeling skal dele ut «Kulturlandskapspris 2019». Prisen skal tildelast den eller dei som gjer ein ekstra innsats for jordbrukets kulturlandskap i Trøndelag.

Fylkesmannen vil ha forslag på aktuelle kandidatar, samt grunn for forslaget, innan 1. september 2019. Det er ope for alle å sende inn forslag.

Kriterium for prisen:

  • God ivaretaking og skjøtsel av kulturlandskapet, kulturminne og biologisk mangfald.
  • Opplevingsverdi og tilgjenge.
  • Landbruksdrifta må ivareta produksjon, dyrevelferd, og miljøomsyn på ein god måte.
  • Helst vera registrert som jordbruksføretak og motta produksjonstilskot.

Ved utvelging av årets prisvinnar vil det bli spesielt vektlagt bruk av utmark og utmarksressursar i jordbruksdrifta.

Prisen blir utdelt på Landbrukskonferansen på Hell 22. oktober 2019 og er ein diplom og ei pengegåve på 15.000 kr.